Washington, D.C.

Denne artikkelen handlar om hovudstaden i USA. For artikkelen om delstaten, sjå Washington.
Washington, D.C.
by
Land  USA
Del av det kontinentale USA, Mid-Atlantic, Arlington–Alexandria–Reston metropolitan division
Areal 177 km²
Folketal 689 545 (1. april 2020)[1]
Kart
Washington
38°53′42″N 77°02′12″W / 38.895°N 77.036666666667°W / 38.895; -77.036666666667
Wikimedia Commons: Washington, D.C.

Washington, D.C. er hovudstaden i USA. Nemninga består eigentleg av to delar: Washington (ein by) og District of Columbia (eit føderalt distrikt). Distriktet vert styrt av den amerikanske Kongressen, som har delegert ein del makt til styresmaktene i byen.

Washington er oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Byen vart offisielt hovudstad i 1800.

Washington sine innbyggjarar kan stemme ved presidentval, jamfør det 23. grunnlovstillegget, men er berre representerte i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i Representantane sitt hus. Dei har ikkje representasjon i Senatet.

Byen sine lokale myndigheiter består av ein vald borgarmeister og eit bystyre. Lokale avgjersler vert likevel ikkje så sjeldsynt tilsidesette av den føderale kongressen.

Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som Det kvite huset og Kongressbygningen.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «QuickFacts: Washington city, District of Columbia». Arkivert frå originalen 22. april 2022. Henta 22. april 2022. 

Developed by StudentB